Brannskadar som skuldast elektrisitet er relativt sjeldne.
Ein skil gjerne mellom skadar som skuldast lågspenning (<1000 volt) og høgspenning (>1000 volt). Lynnedslag er ei ekstrem form for høgspenning.
I tillegg til brannskadar, kan straumgjennomgang i kroppen føre med seg ulike andre skadar. Til dømes kan ein få hjerterytmeforstyrrelsar eller hjertestans, ein kan oppleve nevrologiske skadar og det kan oppstå tilleggsskadar dersom ein til dømes vert kasta bort frå straumkjelda eller fell ned frå høgder etter å ha vore i kontakt med straumkjelde.
Alle elektriske brannskadar bør vurderast for overflytting til Brannskadeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus.
Dersom det har vore snakk om tap av bevissthet eller hjerterytmeforstyrringar, bør ein observerast i sjukehus. Høgspenningsskadar kan vere livstrugande og kan gje ei mengde djupliggande vevskade som ikkje umiddelbart er synleg. Alle skadar der ein mistenker høgspenning bør takast imot med traumeteam og vurderast av kvalifisert personell så snart som råd.