Behandlinga av flammeskadar består hovudsakleg av konservativ behandling, det vil seie gjentatte sårstell eller operativ behandling, det vil seie operasjon med fjerning av forbrent vev og dekking av sår med delhudstransplantat. I tillegg vil ein ha behov for fysioterapi under heile behandlingsforløpet.
Tida behandlinga tek, varierer veldig.
For store brannskadar finnes ein tommelfingerregel som seier at ein treng behandling ved ei brannskadeavdeling i 1-1,5 døger per prosent av hudarealet som er brannskada. Det vil seie at om ein har forbrenningar på 30 prosent av kroppsoverflata, må ein rekne med minimum 30-45 dagar innnlagt på ei brannskadeavdeling. Vidare vil ein gjerne trenge tid ved sitt lokale sjukehus og ved rehabiliteringsavdelingar etter det.
For mindre skadar varierer lengda på sjukehusopphaldet veldig. Dei minste skadane treng gjerne ikkje vere inneliggande i det heile og gror av seg sjølv i løpet av eit par veker, medan andre skadar treng fleire veker på sjukehus med gjentatte operasjonar.