Personar med utviklingshemming kan ha noko høgare risiko for å utvikle demens. I tillegg ser ein auka førekomst på grunn av auka levealder og auka merksemd på demens i denne gruppa. Personar med Downs syndrom er spesielt utsette for å utvikla Alzheimers demens frå ca. 50 års alder.
Kjenneteikn for demens kan være vanskar med minne, merksemd, konsentrasjon, språk, problemløysing, initiativ, trøyttleik, tempo, orienteringsevne eller humørsvingingar. Hos personar med utviklingshemming er ofte dei fyrste symptoma reduksjon i daglege ferdigheiter og nedsett orienteringsevne. Hos personar med Down syndrom kan nyleg oppstått epilepsi også være eit tidleg teikn.
Nærpersonar som følgjer opp personar med utviklingshemming, har ei viktig rolle med å oppdaga endringar og teikn på funksjonsfall. Årleg kartlegging med kartleggingsverktøyet "Tidlige tegn - funksjonsfall og sykdom" er tilrådd for å fanga opp endringar over tid. Slik kartlegging bør første gang gjerast ved 30 års-alder for personar med Down syndrom, med årleg oppfølging frå 40 års-alder. For andre med utviklingshemming tilrår vi slik baseline-undersøking av ferdigheiter og kognitiv funksjon når personen er mellom 40 og 50 år.
Ved funksjonsfall og mistanke om demens bør du saman med nærpersonar bestilla time hos fastlege. Det er viktig at fastlegen din får opplysningar som kan leggjast ved tilvising til Habiliteringstenesta.